Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Marknadsføringslova – to eksamensoppgåver

Innhald

Eksamensoppgåve gitt hausten 2015, oppgåve 3
Eksamensoppgåve gitt hausten 2013, oppgåve 1
Lenkjer

Her er to døme på vurderingar av problemstillingar som krev bruk av reglar i marknadsføringslova.

Eksamensoppgåve gitt hausten 2015, oppgåve 3

Oppgåvetekst

Firmaet Digismart AS set inn denne annonsen i fleire aviser:

SUPERSAL!!

Endeleg i Noreg!

Endeleg har vi klart å få tak i eit parti av den nye revolusjonerande «kjøkkenmaskinen» Multitask Grand Brand. Maskinen er for det første ein tradisjonell kjøkkenmaskin med fleire funksjonar, som å piske, blande og elte. Det følgjer også med ei svært brukarvennleg kvern. I tillegg er han ein kaffimaskin for bruk av kaffikapslar. Her får du altså to viktige funksjonar i eitt produkt og sparer masse plass på kjøkkenbenken! I kampanjeperioden frå 1. september til 19. september 2014 sel vi vara med 40 % avslag, dvs. berre kr 2999. Alle som kjøper maskinen i kampanjeperioden, får fem Flax-lodd med på kjøpet.

Interesserte kan sjå nærmare på dette fantastiske tilbodet ved å gå inn på heimesida vår Digismartas.com. Der finn du også ei lenkje for å bestille maskinen.

Robert Lande les annonsen og går inn på heimesida til Digismart. Han liker det han ser, og legg stor vekt på at han no vil få ein maskin med fleire funksjoner. Sidan han har eit lite kjøkken, liker han at maskinen er plassparande. Han følgjer derfor l enkja for bestilling og fyller ut dei nødvendige opplysningane. Etter bestillinga får han beskjed om at vara vil bli send i postoppkrav innan 14 dagar.

Ei dryg veke seinare får han melding om at han kan hente maskinen på postkontoret. Etter at han har pakka ut maskinen, synest Robert at han ser veldig fin ut. Det følgjer også med ei bruksrettleiing og eit garantikort som gir han eitt års garanti. I tillegg er det eit angrerettskjema i eska. Bruksrettleiinga er på engelsk, så den forstår han lite av.

Robert er godt fornøgd med maskinen, særleg kaffifunksjonen. Dei andre funksjonane bruker han svært lite.

I november 2015 synest Robert det tek mykje lengre tid å lage ein kopp kaffi enn tidlegare. Til no har kaffikoppen vore fylt opp på under eitt minutt. Problemet blir større frå dag til dag, og etter ei dryg veke tek det over fem minutt før kaffikoppen er full.

Tre veker seinare kontaktar Roger Digismart AS på e-post. Han forklarer kva som har skjedd, og krev å få att kjøpesummen. Han seier han ikkje bruker kjøkkenmaskinfunksjonane i det heile, så han vil heller kjøpe ein vanleg kaffimaskin. Han skriv også at han har lese angrerettskjemaet, og meiner det er tydeleg at han i tillegg til feilen med maskinen kan krevje pengane attende utan at han treng å grunngi kvifor. Han synest også at ei bruksrettleiing på engelsk er av liten verdi sidan han ikkje er særleg god i engelsk. Dette må vere god nok grunn til at han kan krevje å få att kjøpesummen, meiner han. Robert avsluttar med at han også føler seg lurt av marknadsføringa firmaet driv av maskinen. Han meiner derfor at marknadsføringa må vere lovstridig.

Tre veker seinare får han svar frå Digismart AS. Dei avviser alle krava hans. For det første er garantitida på eitt år gått ut. Det er derfor for seint å krevje noko i det heile. Dersom han likevel framleis skulle ha rett til å krevje noko, er det sjølvsagt slik at ein må sjå heile produktet under eitt. At kaffifunksjonen på maskinen er litt dårleg, er uansett berre ei ubetydeleg svakheit så lenge dei andre funksjonane er i orden. Ei bruksrettleiing på engelsk er etter deira syn heilt uproblematisk, for i dag lærer jo alle engelsk på skolen. Dei har inga forståing for at det kan vere noko lovstridig ved marknadsføringa. Robert held fast på påstandane sine.

  • Drøft dei rettslege problema oppgåva reiser.

Løysingsforslag

Vi skal nemne at også angrerettlova og forbrukarkjøpslova er relevante. Her behandlar vi ikkje forbrukarkjøpslova.

Angrerettlova
Oppgåva reiser spørsmål om Robert Lande kan bruke angrerettlova som grunnlag for å få att kjøpesummen, jf. angrerettlova § 1. Robert er forbrukar, og seljaren har opptredd i næringsverksemd. Robert har inngått kjøpsavtalen ved fjernsal, jf. § 5 bokstav b. Seljaren hadde ei organisert ordning for sal på nettet, og denne ordninga har Robert nytta seg av. Vi kan derfor konstatere at angrerettlova gjeld.

Angrefristen er som hovudregel 14 dagar frå leveringa, jf. § 21(1). Robert fekk angreskjema. Eg legg derfor til grunn som faktum at han fekk alle dei opplysningane som krevst i medhald av § 8(1) bokstav h. Oppgåva gir ingen opplysningar om det motsette. Regelen om utvida angrerett etter § 21(3) gjeld ikkje her, og vi kan konstatere at angrefristen skal setjast til 14 dagar. Roger kontakta seljaren tre veker etter leveringa. Angrefristen har derfor gått ut. Roger får ikkje medhald på dette grunnlaget.

Marknadsføringslova
Neste spørsmål er om Robert kan krevje å få att kjøpesummen fordi han følte seg lurt av marknadsføringa. Han meinte at marknadsføringa var lovstridig.

Dersom marknadsføringa skal vere lovstridig, må annonsen vere i strid med marknadsføringslova. Men sjølv om annonsen skulle vere i strid med marknadsføringslova, gir ho ikkje ein forbrukar direkte rettar overfor seljaren. Marknadsføringslova er ei offentlegrettsleg lov som regulerer forholdet mellom staten (forvaltninga) og den som står for marknadsføringa. Likevel kan lovstridig marknadsføring vere ei av fleire argumentkjelder for å vurdere om ein avtale er ugyldig etter avtalelova, eller om det ligg føre manglar som gir rett til heving i medhald av forbrukarkjøpslova.

Eg drøftar først spørsmålet om annonsen er i strid med marknadsføringslova.

Marknadsføringslova gjeld mellom anna kontroll med marknadsføring i forbrukarforhold. Annonsen i oppgåva har forbrukarar som målgruppe. Det er derfor ikkje tvil om at marknadsføringslova gjeld, jf. § 1.

Marknadsføringslova § 2 bestemmer at marknadsføringa ikkje må stride mot god marknadsførings-skikk. I denne vurderinga skal det leggjast vekt på allmenne etikk- og moraloppfatningar. Annonsen har enkelte ord og uttrykk som «revolusjonerande» og «fantastisk», men slike overdrivingar er vanlege i marknadsføringa og ligg langt innanfor grensene for kva som er rettsstridig.

Marknadsføringslova § 6 forbyr urimeleg handelspraksis. Omgrepet «handelspraksis» er definert i § 5 bokstav b. Ein handelspraksis er urimeleg dersom han strir mot god forretningsskikk overfor forbrukarane og er eigna til vesentleg å endre åtferda deira. Det er derfor eit spørsmål om «fem flax-lodd med på kjøpet» er urimeleg handelspraksis.

Tilleggsytingar til ei hovudyting, til dømes flax-lodd med på kjøpet av ein kjøkkenmaskin, er kalla tilgift. Forbodet mot tilgift vart oppheva som spesialregel da den nye marknadsføringslova vart vedteken i 2009. Tilgift kan framleis vere ulovleg dersom slike tilleggsytingar blir sett på som urimeleg handelspraksis. Vilkåret i § 6 er at tilleggsytinga er eigna til å påverke forbrukaren slik at han eller ho tek avgjerder om kjøp som han eller ho elles ikkje ville ha teke. For å oppfylle dette vilkåret må tilgifta ha lita eller inga tilknyting til hovudytinga. Samstundes må tilgifta ha så stor verdi at ho får mange forbrukarar til å kjøpe hovudytinga berre for å skaffe seg tilleggsytinga. Dei rimelegaste flax-lodda kostar kr 5. Ei tilleggsyting på fem lodd kostar vanlegvis kr 25. Det er ein så ubetydeleg verdi at lodda ikkje er eigna til å påverke forbrukarane vesentleg. Eg går derfor ut frå at tilleggsytinga ikkje er i strid med marknadsføringslova § 6.

Ein handelspraksis kan også vere villeiande etter § 7. Ein salsannonse er til dømes villeiande dersom han inneheld urette opplysningar og dermed er eigna til å villeie forbrukarane på ein eller fleire måtar som er lista opp i § 7(1) bokstavane a–h. Praksisen blir berre rekna som villeiande dersom han er eigna til å påverke forbrukarane til å ta avgjerder som dei elles ikkje ville ha teke.

Villeiande innhald i annonsen i oppgåva kan mellom anna vere opplysninga om «fem flax-lodd med på kjøpet». Det kan vere villeiande å påstå at forbrukarane får noko utan å betale for det. Bruken av ordet «gratis» vil ofte vere villeiande. I dette tilfellet er ordet «gratis» ikkje nytta. Forbrukaren må kjøpe kjøkkenmaskinen, og gjer han det, får han fem lodd. Det blir ikkje rekna som villeiande.

Opplysninga om «40 % avslag» vil vere villeiande dersom avslaget ikkje er berekna på grunnlag av ein reell historisk utsalspris, jf. § 7(1) bokstav d. Ordet «avslag» gir inntrykk av at vara blir seld med tilsvarande rabatt i forhold til ein historisk pris. Sidan vara enno ikkje har vore i vanleg sal, eksisterer det ingen reell førpris. Opplysninga er derfor villeiande og rettsstridig.

I dette tilfellet skal det dreie seg om ein «introduksjonspris» som er 40 % lågare enn salsprisen etter at introduksjonsperioden er over. Dersom annonsen hadde gjort det klart at avslaget i verkelegheita er ein introduksjonspris som er 40 % lågare enn prisen etter introduksjonsperioden, må opplysninga vere reell. Vi manglar opplysningar om prisen etter kampanjeperioden frå 1.9 til 19.9, men vi veit at Robert følte seg lurt. Dersom det skuldast at prisen ikkje vart heva etter kampanjeperioden, er opplysninga om introduksjonspris villeiande.

Robert kan meine at uttrykket «dette fantastiske tilbodet» er villeiande og i strid med § 7, men det er vanleg praksis i marknadsføringa at seljaren kan skryte mykje av produktet sitt utan at forbrukarane blir villeidde av den grunn. Formuleringa må reknast for ikkje å vere villeiande.

Skildringa av eigenskapane til produktet, til dømes at kjøkkenmaskinen har fleire eigenskapar osv., kan også vere villeiande og i strid med § 7(1) bokstav b. Regelen er rekna for å ramme forhold der seljaren bevisst prøver å føre forbrukarane bak lyset ved å beskrive eigenskapar som produktet absolutt ikkje har. I dette tilfellet har produktet dei eigenskapane som er nemnde, men ytingane svarer ikkje til forventningane hos kjøparen, og dei sviktar etter kvart. Seljaren får da eit mogleg ansvar for manglar i medhald av forbrukarkjøpslova, men det er for sterkt å seie at han forsettleg har ført kundane bak lyset med villeiande marknadsføring.

Eg har etter dette komme til at annonsen ikkje er i strid med marknadsføringslova.

Til toppen

Eksamensoppgåve gitt hausten 2013, oppgåve 1

Oppgåva

Tor Holm eig forretninga Kvindal Elektriske. Ein dag i mai 2011 ringjer ein av leverandørane hans og spør om han er interessert i å kjøpe fem vaskemaskinar. Maskinane vart ved ein feil bestilte frå Korea, og det er ikkje lønnsamt å returnere dei. Tor skal derfor få dei for kr 1200 per stk. Normalt skulle desse maskinane kosta minst kr 3000 per stk. Tor aksepterer tilbodet, og maskinane blir leverte dagen etter.

Tor set straks inn denne annonsen i lokalavisa Kvindalsposten:

SUPERSAL

Kvindal Elektriske

Vi kan no tilby KoreaWash Rex, den beste og mest miljøvennlege vaskemaskinen på marknaden, til ein utruleg låg pris, kr 3999. Dei som kjøper maskinen, får ei LED-lommelykt GRATIS med på kjøpet.

Maskinen er utstyrt med eit avansert sjølvinstruerande display for val av vaskeprogram. Sjølv far i huset kan no hjelpe til med klesvasken.

Dette er garantert vaskemaskinen for deg, så ta straks kontakt med oss.

Hugs: Førstemann til mølla!

  • Drøft om denne annonsen er i samsvar med marknadsføringslova frå 2009.

Løysingsforslag

Spørsmålet er om annonsen er i strid med marknadsføringslova frå 2009.

Svaret kan disponerast på ulike måtar. Eg vel å vurdere mistenkjelege ord og uttrykk i den rekkjefølgja dei står i annonsen.

  1. Annonsen omtaler vaskemaskinane som «den beste og mest miljøvennlege på marknaden». Denne skildringa kan vere i villeiande reklame i strid med marknadsføringslova § 7, jf. § 26. Marknadsføringslova § 7 og § 26 har nokså like formuleringar. § 7 i lova skal beskytte interessene til forbrukarane, mens § 26 skal beskytte interessene til andre næringsdrivande. Ser vi problemet ut frå eit forbrukarperspektiv, løyser vi oppgåva på grunnlag av § 7. Etter denne regelen er ein handelspraksis, og også utforming av reklame, villeiande dersom han inneheld urette opplysningar og dermed er usannferdig på ein måte som er eigna til å villeie forbrukarane, mellom anna når det gjeld hovudeigenskapane til vara, sjå § 7 første ledd bokstav b. Regelen gir uttrykk for eit «sanningsprinsipp» som gjeld i marknadsføringsretten. Dette prinsippet er nedfelt i marknadsføringslova § 3 andre ledd, der det står at faktiske forhold ved produktet skal kunne dokumenterast, og at dokumentasjonen skal liggje føre på marknadsføringstidspunktet.

    Dersom formuleringa «den beste på marknaden» skal vere lovleg, må bedrifta kunne dokumentere med forbrukartestar eller liknande at maskinen verkeleg er den beste. Krav om dokumentasjon er slått fast i fleire avgjerder av Forbrukarombodet og Marknadsrådet.

    I eit brev datert 26.10.2011 skriv Forbrukarombodet eit skarpt brev til DnB som hadde reklamert med «best rente på boliglån til unge». Marknadsføringa var ulovleg når banken ikkje kunne dokumentere over tid at han kunne tilby den lågaste renta på marknaden på bustadlån til unge.

    Næringslivets konkurranseutval har også i fleire avgjerder rekna bruken av «best» som villeiande og ulovleg, mellom anna i NKU-2011-2, der ein påstand om brilleglas som «dei beste på marknaden» vart kjend ulovleg ut frå § 26 da seljaren mangla dokumentasjon.

    Næringslivets konkurranseutval – NKU – er eit sivilt organ oppretta av fleire næringslivsorganisasjonar. NKU uttaler seg om ulovleg marknadsføring ut frå marknadsføringslova kapittel 6. Reglane i dette kapittelet har som formål å beskytte næringsinteresser.

    Skal ein annonse vere villeiande, må formuleringane vere eigna til å påverke forbrukarane slik at dei tek avgjerder dei elles ikkje ville ha teke, jf. § 7 andre ledd. I dette ligg det eit krav om ein viss styrke og grad av villeiing. Eit døme på problemstillinga har vi frå ei sak i 2011 der Russeservice AS klaga på konkurrenten Russedress AS som brukte formuleringa «beste russedress» og liknande superlativar. Marknadsrådet avviste å behandle klaga, det vil seie at rådet ikkje tok stilling til klaga. Rådet meinte at forbrukarinteressene ikkje var så store i denne saka at ho fortente realitetsbehandling. Vi kan kanskje seie at bruken av uttrykket «beste russedress» ikkje var eigna til å villeie dei som skulle bli russ i 2012.

    I saka vår dreier det seg om den beste vaskemaskinen på marknaden. Eg vil tru at det står store nok forbrukarinteresser på spel til at Forbrukarombodet og eventuelt Marknadsrådet ville realitetsbehandla saka. I tråd med den nemndspraksisen det er vist til ovanfor, konkluderer eg med at bruken av formuleringa «den beste og mest miljøvennlege vaskemaskinen på marknaden» er ulovleg med mindre seljaren kan dokumentere at dette likevel er rett.
  2. Neste spørsmål er om påstanden «utruleg låg pris» er villeiande og i strid med § 7 første ledd d. Formuleringa kan vere ulovleg dersom ho ikkje er rett og dermed ikkje sannferdig. Påstanden må kunne dokumenterast med reelle førprisar eller med prisar hos konkurrentane. Det ligg føre mange avgjerder der Forbrukarombodet eller Marknadsrådet slår fast at ein seljar opererer med villeiande prisar. Eit pristilbod skal kunne samanliknast med dei reelle førprisane hos seljaren sjølv. Med reell siktar ein til at ei vare må vere seld i ei viss mengd og over ei viss tid for å seie at førprisen var reell. Oppgåva opplyser at maskinane normalt skulle kosta kr 3 000. Eg oppfattar dette som pris frå importør til butikk. Da verkar det faktisk billig med ein pris til forbrukar på kr 3 999. I mangel av andre haldepunkt for det motsette, går eg ut frå at påstanden «utruleg låg pris» ikkje er villeiande.
  3. Formuleringa «gratis på kjøpet» kan vere ulovleg på grunnlag av § 6, som seier at urimeleg handelspraksis er forboden. LED-lommelykt på kjøpet er eit døme på «tilgift» som var forboden i Noreg fram til den nye lova frå 2009 tok til å gjelde. Tilgift er no tillaten, men kan likevel bli ramma av § 6. Tilgift er ei ekstrayting som blir gitt i tillegg til ei hovudyting. Slik tilgift kan bli ramma av § 6 som urimeleg handelspraksis dersom tilgifta er så omfattande at ho er eigna til å endre åtferda til forbrukarane vesentleg. Det vil ofte vere tilfellet dersom tilgifta nærmast blir hovudsaka. I denne oppgåva er det snakk om ei nokså bagatellmessig tilleggsyting, ei lita lommelykt. Det må reknast for å vere lovleg, sjølv om ordet gratis er nytta.
  4. Neste spørsmål er om påstanden «Sjølv far i huset kan no hjelpe til med klesvasken» er i strid med § 2 andre ledd. Ordlyden i lova pålegg den som formar reklame, å sørgje for at reklamen ikkje er i strid med likeverdet mellom kjønna. Det er og først og fremst utnyttinga av kjønn og kropp på ein nedverdigande måte som blir ramma av regelen. Kvar grensa går mellom lovleg og ulovleg bruk av kjønn, kan vi illustrere med denne saka i Marknadsrådet frå 1998:

MR-sak 20/98: N.N. - Tele2 Norge AS

21.12.1998 Saka gjeld ein annonse for Tele2. Annonsen avbildar ein lettkledd, muskuløs mann. I teksten ved sida av står det: «Selv om ikke hjernen er det største organet mitt, har jeg klart å få lavere telefonregning.» Annonsen er ein del av ein kampanje, som også består av ein annonse med same tekst og ei avbilding av ei lettkledd kvinne i behå/bikinitopp. MR kom til at mannsannonsen var lovleg, mens kvinneannonsen ikkje var lovleg. I mannsannonsen var det snakk om musklar og hjerne. Det vart akseptert. I kvinneannonsen var temaet pupper og hjerne. Det vart ikkje akseptert.

Tele2-saka viser også at grensa mot det ulovlege nærmar seg når kropp og sex blir utnytta på ein måte som folk flest meiner er nedverdigande. I saka vår blir det spelt på eit gammaldags rollemønster mellom mann og kvinne, underforstått at det som regel er kvinna som vaskar tøy. Annonsen gir uttrykk for eit gammaldags kvinnesyn, men han vil neppe bli sett på som ulovleg av Marknadsrådet.

Til toppen

Lenkjer

Skulle det bli usemje mellom deg og ein næringsdrivande i eit EU-land eller Island, kan Forbruker Europa hjelpe til.

Reservasjonsregisteret
I Reservasjonsregisteret kan privatpersonar reservere seg mot marknadsføring ved telefonsal eller adressert reklame i posten. Alle som skal drive direkte marknadsføring, pliktar å oppdatere adresselistene sine minst kvar månad, sjå marknadsføringslova § 12.

Les meir om Reservasjonsregisteret i Brønnøysund.